LibreOffice 7.2 Hjelp
Finn eller erstattar tekst eller formaterer dokumentet.
Skriv inn teksten du vil søkja etter eller vel eit tidlegare søk frå lista.
Søkjeinnstillingane finn du i feltet Finn eller i området Andre innstillingar i dialogvindauget.
Skil mellom små og store bokstavar.
Ta med teikn som formaterer tal i søkinga.
Søkjer etter heile ord eller celler som er identiske med søkjeteksten.
Søkjer gjennom alle arka i det opna reknearket.
Skriv inn ein erstatningstekst i kombinasjonsboksen, eller vel eit tidlegare søk frå lista.
Vala for byt ut finn du i feltet Finn eller i området Andre innstillingar i dialogvindauget.
Finn og markerer alle førekomstar av teksten eller formatet du søkjer etter i dokumentet. (Dette kan berre gjerast i Writer- og Calc-dokument).
Finn og merkjer den førre førekomsten av tekst eller format du søkte etter i dokumentet.
Finn og merkjer den neste førekomsten av tekst eller format du søkte etter i dokumentet.
Byter ut den valde teksten eller formatet som du søkte etter, og søk etter neste.
Erstattar alle tilfella av tekst eller format som du ønskjer å bytte ut. Gjenta denne kommandoen til alle erstatningane på biletet er utførte.
Vis fleire eller færre val. Trykk på knappen igjen for å gøyma utvida søkjeval.
Søkjer berre i merkt tekst eller merkte celler.
Søket byrjar der skrivemerket står og går bakover til byrjinga av fila.
I Writer kan du velja å ta med merknadstekstane i søka dine.
Regulære uttrykk i søket.
Søkjer etter tekst formatert med stilen du oppgjev. Merk av i denne boksen og vel ein stil frå Søk etter-lista. Du oppgjev stilen du vil byta ut med ved å velja han i Byt ut med-lista.
Skil mellom teiknformer i halvbreidde og fullbreidde.
Let deg velja søkjeinnstillingar for liknande skriftsystem på japansk. Kryss av her og trykk Lyd-knappen for å velja søkjeinnstillingar.
Søkjeinnstillingar for japansk
Søkjer nøyaktig samsvar, inkluderer ikkje Unicode-kombineringsmerke i søkjinga. Viss du for eksempel søkjer etter كتب vil dette ikkje samsvara med كَتَبَ eller كُتُب eller كتِب og så vidare.
Søkjer nøyaktig samsvar, inkluderer ikkje arabisk Tatweel-merke U + 0640 (også kjent som Kashida) i søk. Viss du for eksempel søkjer etter كتاب vil dette ikkje samsvara med كـتاب eller كتــــاب og så vidare.
Finn spesielle tekstformateringseigenskapar som skrifttypar, skrifteffektar og tekstflytkarakteristikkar.
Når du har vald format og attributt du vil søkja etter, vert avmerkingsfeltet avsnittsstilar i andre val endra til Ta med stilar. Merk av i dette avmerkingsfeltet viss du vil ta med søk etter formateringar og attributt sett av stilar.
Klikk i feltet Søk etter eller Byt ut og klikk deretter på denne knappen for å fjerna søkjekriteria baserte på format.
Søkje- og byt ut-kriteria for formatering og attributt vert viste i felta Søk etter eller Byt ut med.
Vel søkjerekkjefølgja for cellene.
Søk frå venstre mot høgre gjennom radene
Søkjer ovanfrå og nedover gjennom kolonnane
Søkjer etter dei teikna du har oppgjeve i formlar og i faste, ikkje utrekna, verdiar. Du kan for eksempel søkja etter formlar som inneheld «SUM».
Søkjer etter dei teikna du har oppgjeve i verdiar og i resultata av formlar.
Leitar i merknadane som er knytt til celler etter dei teikna som du har spesifisert.
Når du har lukka dialogvindauget Søk og byt ut kan du likevel søkja med dei siste kriteria du skreiv inn ved å trykkja Shift + KommandoCtrl + F.